Frå November 2010 skifta Indre Hardanger Kraftlag AS namn til Hardanger Energi AS. Samstundes gjekk Jondal Kommune inn som eigar i Hardanger Energi AS, og det nye Hardanger Energi (HE) vart 100% eigar av Jondal Energi (JE).
Vis mer 01.07.2011 fusjonerte selskapa, då med verknad frå 01.01.2011. Jondal Energi AS og Hardanger Energi AS er no eit selskap under namnet Hardanger Energi AS, org nr 983 502 601
Saman med Eidjord Kommune, Ulvik Herad og Ullensvang Herad er Jondal Kommune eigar i Hardanger Energi AS. Selskapet har konsesjon i alle desse kommunane i tillegg til Granvin Herad. Med Jondal Energi AS sine vel 1200 kundar, og Hardanger Energi AS sine vel 5200 kundar, vert Hardanger Energi AS eit lokalt selskap som kan møta utfordringar i tida som kjem.
Hardanger Energi AS er eit kommunalt eigd aksjeselskap, og er eit produksjons- og fordelingsverk med nær 40 tilsette. Selskapet omset årleg omlag 140 GWh. Administrasjonen ligg i Kinsarvik med avdelingskontor i Jondal, då med montørstasjonar på Utne, i Ulvik, Eidfjord, Jondal og i Kinsarvik.
Hardanger Energi AS ligg i storslått natur i vakre Hardanger. Selskapet eig og driv seks kraftstasjonar der eigenproduksjonen utgjer om lag 55 GWh. Kraft vert overført på både 66 og 24 kV systemspenning. 24 kV fordelingsnettet består av omlag 132 km kablar og 355 km luft linjer. 66 kV nettet består av 1,5 km kablar og 20 km luft linjer. I forsyningsområde er det vel 450 fordelingstransformatorar, fordelt mellom mastearrangement og nettstasjonar.
I tillegg kjem det 240 km kabel og 380 km luftspenn i lågspent fordelingsnett.
Roller
(klikk på en person for å se mer informasjon)
Regnskapstall
Øvrig regnskapsinformasjon for Hardanger Energi AS er også tilgjengelig for 2022 / 2021 / 2020 / 2019.
Resultatregnskap | 2023 | 2022 | 2021 | 2020 | 2019 |
---|---|---|---|---|---|
Driftsinntekter (omsetning) | 184 128 | 383 478 | 149 928 | 39 829 | 95 680 |
Driftsresultat | 50 191 | 119 799 | 17 658 | −13 071 | 13 735 |
Resultat før skatt | 44 481 | 114 606 | 16 842 | −26 296 | 9 674 |
Årsresultat (overskudd) | 35 090 | 89 367 | 13 352 | −20 489 | 7 536 |
Resultatregnskap |
---|
Driftsinntekter (omsetning) |
Driftsresultat |
Resultat før skatt |
Årsresultat (overskudd) |